Referat fra stortingets talerstol:

May-Helen Molvær Grimstad (KrF) [10:43:48] : "Det var her snakk om samlivskursa som Regjeringa føreslår å fjerne støtte til heilt, dei lokale samlivskursa i regi av frivillige organisasjonar, og utviklingsarbeid.

       Eg ser at samlivskursa faktisk har blitt veldig populære. Mange bedrifter har spandert samlivskurs på sine tilsette, fordi dei ser at når dei tilsette har det bra på heimefronten, har dei det også bra på jobb. Undersøkingar viser at det er samanheng mellom samlivsbrot og sjukefråvær. Samlivet kan vere krevjande. Derfor er Kristeleg Folkeparti oppteke av å ha eit lågterskeltilbod, som desse tilboda er.

       Reaksjonane har blitt mange ut frå det som Regjeringa har kome med når det gjeld å kutte det frivillige arbeidet knytt til samlivskurs. Eg veit at det at folk kan få hjelp i ein tidleg fase og førebyggje som service på samleiet (munterhet i salen) – samlivet – på slike kurs, har veldig stor effekt. Meiner statsministeren at kuttet i samlivskurs vil gjere det vanskelegare eller lettare å nå Regjeringa sitt mål om å redusere sjukefråværet, som det har vore mykje snakk om – dei 2,5 milliardar kr i statsbudsjettet? "

…kanskje KrF-ere som Molvær-Grimstad har en tendens til begrepsforvirring?

http://www.stortinget.no/stid/2006/s061011-01.html#May-Helen%20Molvær%20Grimstad.1 

Tips oss hvis dette innlegget er upassende